Arbeidslivsfag

For deg som er usikker på kva retning du skal velje på vidaregåande eller kva du skal studere.

Er du usikker på kva retning du skal velje på vidaregåande, eller kva du skal studere? Gjennom året vil du bli kjent med yrke og utdanningsval
i mange næringar.

Dette er linja for deg som er usikker på kva retning du skal velje på vidaregåande eller kva du skal studere. Vi vil hjelpe deg til å finne dine evne og talent slik at du blir tryggare på kva du skal velje.

Kanskje vil du oppdage både nye sider ved deg sjølv og jobbar du ikkje visste om. I vårt distrikt er eit rikt næringsliv. Her finn du også eit av dei største maritime miljøa i landet med mange spennande jobbar.

Dette vil vi gjere gjennom året:

• Lære å skrive jobbsøknad
• Besøke skular og studiestader
• Besøke ulike bedrifter
• Møt menneske som har gjort spennande yrkesval
• Finn dine evner og talent
• Klasseturar
• Overnattingsturar
• 15 dagar praksis gjennom skoleåret

Vi går framover saman på Arbeidslivsfag.