Multisport

Ballsport, ski, snowboard, styrketrening, sykkel, langrenn, frisbeegolf, crossfit, friluftsliv, klatring og surfing.

Eit år på Multisport er for deg som er glad i ballsport, ski, snowboard, styrketrening, sykkel, langrenn, frisbeegolf, treningsstudio, friluftsliv, klatring og surfing.

Dette blir eit år med mykje aktivitet både inne og ute. Vi skal mest muleg utnytte nærmiljøet på Sunnmøre.

Aktivitetar gjennom året: Ballspel, styrketrening, fjellturar, klatring, surfing og buldring, trampoline, ski, alpint. Det blir også sett av tid til friluftsliv og overnattingsturar.

Anlegg som vi vil bruke:

• Klatrehall i Ålesund
• Buldrehall i Ålesund
• Treningssenter på Sjøholt
• Idrettshall på Sjøholt
• Symjehall på Sjøholt
• Badeland i Ålesund
• Langrennsløype like ved skolen • Stranda skisenter
• I tillegg til mykje meir

Vi går framover saman på Multisport.