Musikk

Drøymer du om å spele i band? Er du nysgjerrig på å lære meir om musikk?

Drøymer du om å spele i band? Er du nysgjerrig på å lære meir om musikk? Då er dette linja for deg. Du vil få lære eit instrument og prøve deg i mange sjangrar.

Anten du har spelt eit instrument lenge eller er relativt fersk, vil dette bli ei bra linje for deg. Du vil få spele i band og bidra med det du kan. Kva slags musikk vi skal spele, får du vere med på å bestemme. Vi vil derfor gjennom året spele musikk i mange ulike sjangrar. Elektromusikk skal vi også utforske.

Dette vil vi kome innom:

• Samspel
• Band
• Undervisning i ditt instrument
• Lære notar
• Spele konsertar
• Elektromusikk
• Rock og pop

Vi går framover saman på Musikk.