Utsetter skolestart

Sjøholt folkehøgskole utsetter skolestart til 2021

Skolebygningane vil ikkje vere klar til skolestart august 2020. Kunnskapsdepartementet har innvilga Sjøholt folkehøgskole utsett skolestart til august 2021.

Styret for Sjøholt folkehøgskole seier seg lei for utsettinga av skolestart, og beklagar ulempa dette har for alle samarbeidspartnarar. Styret beklagar også ovanfor elevar som ønskjer å gå på skolen, at det ikkje blir oppstart denne hausten. Målet for skolen er å styrke elevar fagleg og sosialt slik at dei er betre rusta for å kome seg igjennom den vidaregåande skolen.