Praktisk info

Velkomen til Sjøholt folkehøgskole. Vi skal gå framover, og saman skal vi nå nye mål.

Skolen ligg idyllisk til i bygda Sjøholt, i Ålesund kommune. Fjord og fjell omkransar oss. Rett utanfor døra finn du flotte turområde, skiløyper, idrettshall og tilgang til sjø og naust.

E 39 går forbi like ved skolen. Det er gode kommunikasjonar til Sjøholt. Timeekspressen mellom Ålesund og Molde stoppar like ved skolen. Kjem du med fly til Ålesund, tek du flybuss til Moa, og Timeekspressen mot Molde. Stoppet heitar Lande. Buss – til tog korrespondanse på Åndalsnes går også forbi skolen.

Dette året skal du få utvikle deg både fagleg og sosialt, og du skal få vener for livet. Vi legg vekt på vegleiing og samtale, og har 16-års-aldersgrense.

Vi på skolen ser fram til å møte deg. Vi skal gje deg mykje å velje mellom. Skolen er heilt ny! Her flyttar du inn i splitter nye internat med bad på alle rom.